Kiwbird

torsdag, november 16, 2006

No har eg ikkje mykje klokt å seie dykk, eg berre advarar. Eg lid av samvitsnaud sidan denne bloggen ikkje har vorte oppdatert på ei tidperiode lengre enn nasen til Pinoccio. Dessutan lid eg og av samvitsnaud sidan eg ikkje er godt nok forebudd for nynorskstilen i morgon. Dersom dykk lurer er det difor eg no skriv på nynorsk (nynoregsk, som eg liker å kalle det).
No sit eg og tenkjer: "Kva skjer så i livet til Live?" Ikkje så mykje, vil eg seie. Men hei! Vent! Livet rasar forbi. Kvar tek det vegen? No, som eg har mest å gjere og mest å oppleve, kjendest det ut som om det ikkje skjer nokon verdens ting. Om eg har mindre å gjere på, derimot, har eg mange tankar om alt mogleg. Kvifor er det slik? Kan hende finn eg ro på meg til å høyre kva eg sjølv tenkjer, og kva Gud tenkjer til meg.

Eg tek forbehold (?) om alle gramatiske og ortofoniske skrivefeil.